Ledig 80% vikariat i stilling som kantor/ organist/kyrkjemusikar

80% stilling frå 01/01-22 til 31/07-22 med mulighet for forlengelse ut året 2022

Bremanger ligg i Sogn og Fjordane, ein kystkommune med underkant av 4.000 innbyggjarar. Kommunen har god barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for å drive eit aktivt friluftsliv. Kommunen har eit svært rikt song og musikkliv som vi ønskjer å inkludere i gudstenestelivet.

Bremanger kyrkjeleg fellesråd har ledig vikariat i 80% stilling frå 01/01-22 til 31/07-22 med mulighet for forlengelse ut året 2022 som organist/kantor/kyrkjemusikar i Midtgulen, Davik, Ålfoten og Rugsund sokn.

 

Sentrale arbeidsoppgåver vert:

  • Leiar for kyrkjelydane si kyrkjemusikkalske verksemd.
  • Planlegge og medverke ved gudstenester og kyrkjelege handlingar ved kyrkjene i Midtgulen, Svelgen, Davik, Ålfoten og Rugsund.
  • Speling ved andakter på Klokkartunet og Svelgen bu og servicesenter.

 

For stillinga krevst:

Utdanning, jfr. kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kantorar eller tilsvarande.

Vi tilbyr:

Stillinga vert lønna etter avtale. Tilsetting skjer etter gjeldande lovverk, reglement. Pensjonsordning gjennom KLP. Den tilsette må vere medlem av Den norske kyrkja.

Kommunen har ein aktiv kulturskule der det stort sett er behov for lærarar i musikkundervisninga.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje i Bremanger,

e-post: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no eller tlf. 91706595 eller 41803976.

Her finn du oss på internett: www.bremanger.kommune.no/kyrkje og www.nordfjord.no/bremanger

Skriftleg søknad med rettkjende kopiar av attestar og vitnemål sender ein til Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Rådhuset postboks 104, 6721 Svelgen, innan 28.januar 2022.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"